SAMAN OM “Framtidas hyttegrend”
I februar presenterte Tharaso, arkitektfirmaet Stiv kuling og eigedomsutviklar Johnny Tverberg AS sitt nye hytteprosjektet på Heggmyrane for Sogn Avis sine lesarar.
Dei tre samarbeidspartnarane utgjer Klynga AS og har 21 hytter på teiknebrettet.
– Det er inspirert av korleis ein bygde tidlegare i Noreg; meir skånsamt og arealeffektivt. Så det er ei viktig tilnærming, seier Eyvind Øgar, arkitekt og dagleg leiar i Klynga AS til Sogn Avis.